Koltsjugino (russisk Кольчу́гино) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Peksja, ei sideelv til Kljazma, rundt 70 km nordvest for Vladimir.

Koltsjugino vart grunnlagd i 1871 som ein busetnad ved fabrikkar for handsaming av kopar og produksjon av tråd, som høyrte til den moskovittiske forretningsmannen A. G. Koltsjugin (derfor namnet Koltsjugino). Han fekk bystatus i 1931.

Byen er velkjend på grunn av fabrikken for produksjon av bordservise som ligg her. Denne fabrikken vart òg grunnlagt av Aleksander Koltsjugin. Dei fleste russiske teglass-haldarar vart laga i Koltsjugino.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1871