Derbent er ein by i Republikken Dagestan i Russland med om lag 130 000 innbyggjarar. Han ligg ved kysten av Kaspihavet, rundt 120 km søraust for Makhatsjkala.

mini|venstre|Festninga i Derbent.

Derbent er den sørlegaste byen i Russland og den nest største byen i Dagestan. Den største etniske gruppa er azeriar, følgt av lezginar og tabasaranare. Bynamnet er avleidd av det persiske Darband («lukka port»).

I år 728 invaderte arabarane byen og dei gjorde byen til eit sentrum for kunst og handel. Mongolane erobra byen i 1220. Byen har etter dette høyrt til både persarar og tyrkarar. I 1806 vart byen ein del av Russland.

Dei gamle festningsverka ved byen vart i 2003 innskrive på verdsarvlista til UNESCO.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Derbent» frå , den 7. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Verdsarv i Russland