Pusjkino (russisk Пу́шкино) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Utsja og Serebrjanka renn saman, rundt 30 km nordaust for Moskva.
mini|venstre|St. Nikolaskyrkja (1692-94).
Landsbyen Pusjkino vart først dokumentert i 1499, då han høyrte til Grigorij Morkhinin «Pusjka», ein bojar som mellom anna Aleksandr Pusjkin ættar frå, ein dikter som det i dag står statue av på eit av hovudtorga i byen. Dei neste hundreåra utvikla nabolaget seg til ein føretrekt sommartilhaldsstad for russisk adel. I 1678 vart det bygt ei femkupla kyrkje til St. Sergius på Komjagino-godset.bilete Eit anna notabelt gods er Muranovo, der dei russiske diktarane Jevgenij Baratynskij og Fjodor Tjutsjev brukte å vere om somrane. Ein datsja som høyrte til Vladimir Majakovskij, der han var somrane 1920–1928 er i dag eit museum. Pusjkino fekk bystatus i august 1925. I dag er byen kjend på grunn av Instituttet for Skogsvitenskap, eit av dei få i Russland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pusjkino» frå , den 11. januar 2009.
Bakgrunnsstoff