Kjølsdalen kyrkje står nedst i Kjølsdalen i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1940.
Kyrkja vart ført opp etter same teikningane som Hildrestranda kapell i Haram. Teikningane var laga av riksarkitekt Hans Fredrik Crawfurd-Jensen. Inventaret er frå byggjeåret eller seinare, bortsett frå eit krusifiks på altaret som truleg er frå den gamle Davik kyrkje.
Under Nyårsorkanen i 1992 vart kyrkja mykje skada og nærpå blesen overende. Etter eit stort reparasjonsarbeid og montering av ståldragarar vart kyrkja betre sikra mot liknande i framtida.
Kjølsdalen kyrkje er soknekyrkje i Kjølsdalen sokn i Nordfjord prosti. Då kyrkja var bygd høyrde området til Davik prestegjeld, og før dei fekk Kjølsdal-kyrkja sokna dei til Davik kyrkje på sørsida av fjorden. Kjølsdalen vart utskild som eige sokn frå Davik i 1954, og i 1965 vart Kjølsdalen overført frå Davik til Eid prestegjeld.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Kjølsdalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Digitalarkivet Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1940 Kategori:Kulturminne i Stad