Bjørn Tiller () er ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk i 1983Brekke s. 107. Bjørn Tiller vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1982Brekke s. 95.

I Noregsmeisterskapen i sjakk på Lillehammer i 1982 delte han førsteplassen med den då berre 15 år gamle Simen Agdestein. Simen Agdestein vann stikkampen.

Bjørn Tiller deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1976 og 1980. I 1976 vart det 3 poeng på 7 parti, medan det i 1980 vart 4 sigrar og 4 remisar på 8 parti, 75 % skåreolimpbaseBrekke s.113.

I 1974 vart Bjørn Tiller junior-NoregsmeisterBrekke s. 106.

Bjørn Tiller er medlem av Oslo Schakselskap.

Bakgrunnsstoff Bjørn Tiller sine parti hos www.chessgames.com Bjørn Tiller sine parti hos NorBase Bjørn Tiller sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Kjelder Norsk Sjakkblad Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv

Kategori:norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar