Njagan (russisk Нягань) er ein by nordvest i Khanty-Mansia i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg 40 km vest for elva Ob og rundt 230 km nordvest for Khanty-Mansiysk.

Bynamnet kjem frå elva Njagan-Jugan, ei sideelv til Ob.

Njagan er av dei yngste byane i Vest-Sibir. Han vart grunnlagt i 1965 som eit senter for skogsdrift og heitte opphavleg Njakh (Нях). Namnet vart endra til Njagan 15. august 1985, samstundes med at busetnaden fekk bystatus.

Byen er i dag primært eit senter for petroleum- og naturgassindustrien.

Njagan ligg i eit flatt og myrlendt område og regionen er kjent for brå temperaturfall.

Jernbanen frå Jekaterinburg til Ob-regionen vart opna gjennom Njagan 2. april 1967. Njagan lufthamn, 10 km aust for byen, opna i 1993.

I 2000 vart det opna eit regionalt museum i Njagan.

Kjende personer frå Njagan Maria Sjarapova (f. 1987), tennisstjerne

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Njagan» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1965