Ære vere er ein oldkristen doksologi, eller ei lovprisningsbøn. Ho vert ofte bruka i kombinasjon med andre bøner, til dømes i rosenkransbøna og i tidebønene. Liturgisk er bøna særleg mykje nytta i Den katolske kyrkja, men innhaldet er av ein felleskristen art. Bøna på norsk:

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som det var i opphavet, så no og alltid, og i all æve, Amen.Bøna på latin:

Gloria Patri et Filio et Spiritui Sancto, sicut erat in principio et nunc et semper et in saecula saeculorum, Amen. Ved bruk i liturgiske samanhenger i Den katolske kyrkja, er det vanleg at ein bukkar djupt mens fyrste lina vert framsagt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ære være» frå , den 18. januar 2009.

Kategori:Kristne bøner