Alagir (russisk og ossetisk Алаги́р) er ein by i Republikken Nord-Ossetia i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ardon, ei sideelv til Terek, rundt 35 km vest for Vladikavkaz.

Busetnaden vart grunnlagd i 1850 av fyrst Mikhail Vorontsov, namestnik for Kaukasus, nær ei gammal sølv- og blygruve. Han vart bygd som ein festningsbusetnad ved eit smelteverk og vart eit viktig gruvesenter. Han fekk bystatus i 1938.

Hovudnæringa i Alagir er framleis dominert av gruvedrift og utvinning av mineral.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Alagir» frå , den 20. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1850