Østasiatisk Kompagni, ØK eller EAC, East Asiatic Company er eit dansk føretak skipa i 1897 av statsråd H. N. Andersen. Selskapet var notert på Københavns Fondsbørs. I 2015 bytta det namn til Santa Fe Group. Frå 2019 heitte det EAC Invest.

I løpet av dei fyrste 80 åra etter stiftinga oppretta føretaket sjøtransport over heile verda. I 1965 kjøpte det Plumrose, som vart fundamentet for aktivitetane til ØK i Sør-Amerika. På 1970-talet var ØK det største føretaket i Skandinavia målt i omsetning, men stor gjeld førte til store tap på 1980-talet, og mange forretningsområde måtte seljast unna.

I 2005 vart den største føretakseininga, EAC Nutrition, seld til nederlandske Royal Numico NV.

Deretter fokuserte ØK på tre hovudområde, hovudsakleg i Asia og Sør-Amerika: EAC Foods, EAC Industrial Ingredients og EAC Moving and Relocation Services. I 2014 var berre den siste delen, den internasjonale flytteverksemda, att.

Av skipa som reiarlaget eigde finn ein det danske hospitalskipet M/S «Jutlandia».

Administrerande direktørar 1956-1980 Mogens Pagh 1980-1992 Henning H. Sparsø 1992-1992 Carsten Dencker Nielsen 1992-1999 Michael Fiorini 1999-2005 Mark A. Wilson 2005-2015 Niels Henrik Jensen, adm. direktør 2015- Martin Thaysen, global CEO

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det Østasiatiske Kompagni» frå , den 21. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske føretak Kategori:Skipingar i 1897