Tenor eller tenorrøysta er den lysaste mannsrøysta hos eit vaksent menneske. Rekkevidda går vanlegvis frå c til a1, men det er ikkje uvanleg at solistar syng opp til c2. I enkelte tilfelle skil ein mellom fyrstetenor (lysare) og andretenor (mørkare), spesielt i korsamanheng. Ordet kjem av tenore, som betyr å halde, noko som kom av at stemmen opphavleg blei brukt til å halde melodistemmen.

Nokre kjende tenorar Mario del Monaco Franco Corelli Giuseppe di Stefano Jussi Björling Plácido Domingo Luciano Pavarotti Aksel Schiøtz Andrea Bocelli Freddie Mercury

Rekkjevidd Denne illustrasjonen viser rekkjevidda til ein tenor på eit piano. Her er det berre markert frå d, medan ein vanlegvis reknar c som den djupaste tonen.

Kategori:Røyster Kategori:Tone Kategori:Operaterminologi