Elektrogorsk (russisk Электрого́рск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 88 km aust for Moskva.
Elektrogorsk vart grunnlagd i 1912 med bakgrunn i konstruksjonen av den første store torvfyrte kraftstasjonen i Russland, som fekk namnet Elektroperedatsja (russisk: Электропередача, tyder «elektrisk overføring»). Busetnaden fekk namn etter kraftstasjonen. I 1946 fekk han bystatus.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Elektrogorsk» frå , den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1912