thumb|Kommunesenteret Langevåg thumb|Sunde i Sula kommune thumb|Sula sett frå Hareid Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.
Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.
Historie Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har han såleis vore sidan 1. januar 1977.
Folketalsutvikling for noverande Sula kommune: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 632 1834 7070 9720
Næringsliv Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.
Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.
Fiskerstrand verft Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.
Kjende sulalendingar Musikkgruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:
Ole Andreas Devold (1829-1892), industrieigar Anton L. Alvestad (1883–1956), politikar og statsråd Inga Tusvik (1914-1992), cand. phil., stortingsrepresentant for Venstre, rektor Olga Marie Mikalsen (1915–2006), songar Magne Lerheim (1929-1994), cand. jur., universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen Jens Arne Molvær, (f. 1940), musikar Tor-Johan Ekeland (f. 1949), psykolog Stein Erik Tafjord (f. 1953), musikar Runar Tafjord (f. 1957), musikar Helge Førde (f. 1957), musikar Jarle Førde (f. 1956), musikar Jan Magne Førde (f. 1962), musikar Nils Petter Molvær (f. 1960), musikar Harald Devold (f. 1964), musikar Gry Molvær Hivju (f. 1970), journalist Annbjørg Lien (f. 1971), felespelar Kåre Nymark (f. 1972), trompetist Hild Sofie Tafjord (f. 1974), musikar Robert Post (f. 1979), musikar Tricia Boutté, tilflytta jazzvokalist Lena Nymark (f. 1980), musikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Sula kommune
Kategori:Sunnmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Øyar i Sula