Snillfjord er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Han grensa til Agdenes i nordaust, Orkdal i søraust, Hemne i sørvest og over fjorden i nord til Hitra. Administrasjonssenteret var Krokstadøra.
1. januar 2020 vart Snillfjord delt opp og overført til andre kommunar. Norddelen rundt Sunde vart slegen saman med Hitra til nye Hitra kommune, området rundt Ytre Snillfjord (Vennastranda) vart slege saman med Hemne og Halsa på Nordmøre til Heim kommune, medan området rundt Krokstadøra vart slege saman med Orkdal, Agdenes og Meldal til nye Orkland kommune.
Personar som kjem frå tidlegare Snillfjord kommune blir kalla for snillfjording.
Kommunevåpen Kommunevåpenet til Snillfjords var eit sølvgreip på grønn botn som viste til handverks-, sjø- og jordbrukstradisjonar. Bakgrunnen for dette valet var at greipet i tidlegare tider vart brukt både i tradisjonelt jordbruk og til høsting av tang og tare. Greip vart i eldre tider tilverka av trevirke.
Kommunevåpenet vart utforma etter ein idékonkurranse vunnen av Jim Bye frå Hallset ved Trondheim. Kommunevåpenet vart utarbeidd etter heraldiske kriterium av lektor Einar H. Skjervold frå Trondheim. Det vart godkjend i kommunestyret i 1990, vidare i Kommunaldepartementet 17. september 1990, og endeleg bekrefta av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag i skriv av 19. september 1990.
Kjende snillfjordingar Martin Stokken (1923–1984), skiløpar og friidrettsutøvar Bjørn Nilsen (f. 1934), forfattar og NRK-journalist Leidulf Hafsmo (f. 1934), diktar og musikar Oddmund Hagen (f. 1950), forfattar Terje Krokstad (f. 1956), skiskyttar Jon Reidar Øyan (f. 1981), politikar (Ap), forkjemper for homofile sine rettar Tore Bjørseth Berdal (f. 1988), langrennsløpar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Snillfjord» frå , den 14. januar 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fosen Kategori:Norske kommunar skipa i 1924 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020 Kategori:Tidlegare kommunar i Trøndelag