Sokol (russisk Со́кол) er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar.
Landsbyen Sokolovo har eksistert i alle fall sidan 1615 på staden der byen no ligg. I 1897 vart ein papirfabrikk bygt ved landsbyen og Sokolovo vart til tettstaden Sokol, den primære bustaden for dei tilsette ved fabrikken. Tettstaden fekk offisielt bystatus i 1932. Byen er heimstad for to store papirfabrikkar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff