Putsjezj (russisk Пучеж) er ein hamneby i Ivanovo oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved Gorkij-reservoaret i Volga, rundt 140 km aust for Ivanovo.

Busetnaden vart først nemnt som Putsjisjtsje sloboda i 1594. På 1800-talet vart han eit senter for kornindustrien og linhandelen. Den nærliggande byen Ivanovo vart kjent som «brudebyen», sidan mange kvinnelege arbeidarar flytta til byen for å arbeide i veveriindustrien (som igjen var avhengig av linhandelen til Putsjezj) og i følgje segna kom ugifte menn hit for å finne ektefellar.

I 1952 starta fyllinga av Gorkij-reservoaret (kalla opp etter forfattaren Maksim Gorkij, noko som gjorde byen utsett for flaum. I løpet av dei neste tre år vart byen demontert, flytta til ei høgare plassering, og bygd opp att.

I dag har Putsjezj framleis ein linhandel og ein tekstilfabrikk. Anna industri er ein fabrikk som produserer element av armert betong, ein treforedlingsfabrikk, og Istoki-fabrikken. Istoki er eit kunsthandverk som omfattar framstilling av arbeid av tradisjonelt broderi, både handlaga og maskinelt, med mønster henta frå gammal kunst frå Volga-regionen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Putsjezj» frå , den 29. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1594 Kategori:Byar ved Volga