Gvardejsk er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Pregolja, rundt 40 km aust for Kaliningrad.
Historie mini|venstre|Gvardejsk og elva Pregolja.
Staden vart første gong nemnt i 1255 som eit fort som høyrte til gammalprøyssarar. Den tyske riddarordenen bygde ei borg der i 1283–1290 og ordenen sine arkiver vart oppbevart i borga frå 1469–1722. Tapiau vart ein del av Hertugdømet Preussen i 1525 og Kongeriket Preussen i 1701. Han låg under provinsen Aust-Preussen. Tapiau vart ein del av Tyskland gjennom samlinga av Tyskland i 1871.
I motsetnad til mange andre byar i området slapp Tapiau stort sett uskadd unna den andre verdskrigen. Etter krigen var over i 1945 vart han annektert av Sovjetunionen og namnet vart endra til Gvardejsk i 1946. Den tyske folkesetnaden vart anten evakuert eller utvist og erstatta med russarar.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff