Mosalsk (russisk Моса́льск) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 4 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km vest for Kaluga (vegavstand: 103 km).
Historie
Busetnaden vart første gong nemnd i historiske kjelder i 1231 som Masalsk (russisk: Масальск). Han vart senter for eit av Dei øvre fyrstedøma på 1300-talet. Etter at Ivan III av Storfyrstedømet Moskva annekterte fyrstedømet i 1493, emigrerte dei lokale fyrstane anten til Storhertugdømet Litauen (der dei vart kjend som Massalskifyrstane), eller til Moskva (der dei vart kjend som fyrstane Koltsov-Masalskij). Mosalsk fekk byrettar som ein del av Kaluga gubernija i 1776.
Det viktigaste landemerket i byen er Nikolaikatedralen frå 1818.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Mosalsk» frå , den 30. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet