Rasskazovo (russisk Расска́зово) er ein by i Tambov oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lesnoj Tambov, ei sideelv til Tsna, rundt 30 km aust for Tambov.
Busetnaden Rasskazovo vart grunnlagd i 1698. Han vart kalla opp etter Stepan Rasskazov, som var fødd i Morsjansk og som var den første nybyggjaren i området. Frå 1700- til tidleg på 1900-talet var Rasskazovo kjend for husfliden sin, som strikking, garving og produksjon av vokslys og såpe. I 1753 vart det bygd ein tekstilfabrikk og seinare eit fargeri. Rasskazovo fekk bystatus i 1926.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Rasskazovo» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1698