Dno (russisk Дно) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg 113 km aust for Pskov, der to jernbaner kryssar kvarandre: Pskov–Bologoje og St. Petersburg–Kiev.

Dno vart grunnlagd som eit jernbanesenter i 1897 og fekk bystatus i 1925. Byen er framleis i stor grad økonomisk avhengig av jernbane-relaterte aktivitetar.

Under den kalde krigen var han vertsby for den no nedlagde Dno flybase.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Dno (by)» frå , den 1. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1897