Safonovo (russisk Сафо́ново) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vopets, ei sideelv til Dnepr, 90 km nordaust for Smolensk.
Historie mini|venstre|Leningata i Safonovo.
Landsbyen Safonovo vart første gong nemnd i 1859. Staden utvikla seg som ein arbeiderbusetnad ved Moskva – Minsk-jernbanen. På 1930-talet vart det oppdaga store reservar med brunkol i området og ei gruve vart opna. I 1938 fekk landsbyen status som urbanliknande busetnad og han fekk bystatus i 1952.
Økonomi og næringsliv
I byen finst kjemisk industri og verksemder innan maskinbygging, elektroteknikk og materialteknologi.
Av dei største verksemdene er Safonovo Fabrikk for Elektriske Maskiner (russisk: Сафоновский электромашиностроительный завод) — ein produsent av kraftige (30 til 2000 kW) elektromotorar og generatorar og PO Avangard — ein viktig produsent av produkt laga av karbonfiber- og glassfiber-armert plast.
Kjelder
Bakgrunnsstoff