mini|Det vestlege Middelhavet i år 509 f.Kr. var prega av tre stormakter: Etruskarane, grekarane og kartagarane. mini|Etruskisk sarkofag frå 500-talet fvt..

Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr. På fastlandet budde dei i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium. Dei snakka etruskisk, eit ikkje-indoeuropeisk språk som mogelegvis var skyld retisk og lemnisk, eller eit språkisolat. Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.

Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci. Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjent som Det tyrrenske havet. Sjølv kalla folket seg rasenna, ifølge Dionysios frå Halikarnassos, I.30.3.

Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet. Dei hadde tre byforbund: Av Etruria, av Podalen med dei austlege Alpane, og av Latium og Campania. Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Etruskere» frå , den 5. februar 2009.

Bakgrunnsstoff Litteratur

Antikke kjelder: Dionysios frå Halikarnassos: Roman Antiquities hos LacusCurtius Herodot: The History Volume I. Herodot: The History Volume II. Titus Livius: From the Founding of the City hos Wikisource Polybios: The Rise of the Roman Empire hos LacusCurtius

Moderne kjelder: Barker, G.; T. Rasmussen (1998): The Etruscans. London: Blackwell. Bloch, Raymond (1969): The ancient civilization of the Etruscans. New York: Cowles Book. Bonfante, Larissa; et al. red. (1986). Etruscan Life and Afterlife: a Handbook of Etruscan Studies. Warminster: Aris and Phillips. Bonfante, Larissa (1990): Etruscan. University of California Press. ISBN 0-520-07118-2. Bonfante, G.; L. Bonfante (2002): The Etruscan Language. An Introduction. Manchester University Press. Brendel (1995): Etruscan art. New Haven: Yale University Press. Dennis, George (1848): The Cities and Cemeteries of Etruria. London: John Murray. Tilgjengeleg Gazeteer ved Bill Thayers nettstad Freeman, Edward Augustus (1893): History of Federal Government in Greece and Italy. London, New York: Macmillan and Co.

Greenidge, A. H. J. (2003): A History of Rome During the Later Republic and Early Principate. de Grummond, Nancy & Erika Simon(red.) (2006). The Religion of the Etruscans. University of Texas Press. ISBN 0-292-70687-1. Hampton, C. (1969): The Etruscans and the survival of Etruria. London: Victor Gollancz. Haynes, S. (2000): Etruscan Civilization. Los Angeles: The J. Paul Getty Trust. Maetzke, Guglielmo (1969): The Art of the Etruscans. Macnamara, E. (1973): Everyday Life of the Etruscans. London: B. T. Batsford. Massa, Aldo (1989): The Etruscans. Editions Minerva. Pallottino, M. (1975): The Etruscans. London: Penguin Books. Richardson, Emeline (1964): The Etruscans: Their Art and Civilization. Chicago: University of Chicago Press. Roldán Hervás, José Manuel (2000): Historia de Roma. Salamanca: Ediciones Universidad de Salamanca. Spivy, N.; S. Stoddart (1990): Etruscan Italy. London: Batsford. Stillwell, Richard, red. (1976): Princeton Encyclopedia of Classical Sites. Torelli, Mario, red. (2000): Gli Etruschi. Milan: Bompiani.

Nettstader Generelle Cities and Cemeteries of Etruria, Byer og gravsteder i Etruria, bok av [George Dennis hos LacusCurtius Etruscan News Online, nyheitsbrev frå den amerikanske seksjonen av Instituttet for etruskisk og italiske studiar. Mysterious Etruscans, nettstad for bevaring av etruskisk kultur. Philipp Ammon: Ruma Rasna – Die etruskischen Wurzeln Roms. http://www.academia.edu/28000848/Ruma_Rasna_Die_etruskischen_Wurzeln_Roms

Genetikk Genetisk forsking The Etruscans: A Population-Genetic Study - ein populærvitskapleg genetisk studie DNA Boosts Herodotus’ Account of Etruscans as Migrants to Italy, artikkel i New York Times

Byar og funnstader (Soprintendenza per i Beni Archeologici dell'Umbria) «The Cai Cutu Etruscan tomb» , ei urørt sein-etruskisk familiegrav, brukt på nytt mellom 200-talet og 100-talet f.Kr., utstilt i Det nasjonale arkeologiske museum i Perugia. Etruscan Splendors from Volterra in Tuscany

Kunst Etruscan Lion Plaque Pendant , artikkel om eit etruskisk kunstobjekt.

Kategori:Oldtidsfolk frå Italia Kategori:Italiensk historie