Serbisk er eit slavisk språk som vert snakka i Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Det er særleg knytt til serbarar.
mini|venstre|300px|Utbreiing av dei serbokroatiske språka med serbisk avmerkt i gult. Serbisk vart tidlegare kalla serbokroatisk, serbisk eller kroatisk, og hadde tre uttalevariantar (ekavisk, ijekavisk og ikavisk). Eit døme på dette er «mjølk», som på ekavisk vert «mleko», på ijekavisk «mlijeko» og på ikavisk «mliko». Serbisk og kroatisk er no skild frå kvarandre. Den ekaviske varianten av serbisk er mest nytta i Serbia og delvis i Montenegro, medan den ijekaviske varianten vert snakka i Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Kroatia. Kroatisk språk er bygd på ijekavisk (Sentral-Kroatia) og ikavisk (Dalmatia, Istria, Bosnia).
Det serbiske alfabetet nyttar kyrillisk skrift med enkelte spesialbokstavar, medan i Bosnia, Kroatia og Montenegro nyttar ein latinske bokstavar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Serbisk» frå , den 7. februar 2009.
Bakgrunnsstoff Funky Serbian - Lær serbiske ord med audio Serbian Language and Culture Workshop Lær serbisk
Kategori:Slaviske språk Kategori:Språk i Bosnia-Hercegovina Kategori:Språk i Montenegro Kategori:Språk i Romania Kategori:Språk i Serbia Kategori:Språk i Tyrkia Kategori:Einskildspråk