Bud kyrkje er ei krosskyrkje i Bud i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1717 og bygd i treverk. Kyrkja blei restaurert i 1830. Ho har 250 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

mini|venstre|Bud kyrkje Bud har vore kyrkjestad sidan høgmellomalderen. Tidlegare stod det ei stavkyrkje på staden, men ho brann ned i 1709 etter eit lynnedslag. Nokre år seinare vart ei krosskykje innvigd, i 1717. I 1832 brann det igjen i Bud kyrkje og kyrkja fekk etter det den løkforma kuppelen.

Under den andre verdskrigen vart tårnet tatt ned av tyske soldatar. Grunnen var at tårnet var til hinder for Ergan kystfort som låg like ved kyrkja. Tårnet vart oppbevart på ein låve til det vart sett på plass igjen i 1947.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff Hustadvika kyrkjelege fellesråd

Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Møre og Romsdal

Kategori:Kyrkjer i Hustadvika Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Molde Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1717 Kategori:Kulturminne i Hustadvika Kategori:Valkyrkjer i 1814