«Magical Mystery Tour» er ein song av The Beatles og opningssporet på albumet Magical Mystery Tour frå 1967. Albumet var filmmusikk til ein fjernsynsfilm med same namn og i motsetnad til dei andre temasongane frå dei fire tidlegare Beatles-filmane, så vart ikkje songen ein like stor hit.
Songen er skriven av Lennon/McCartney
Innspelinga av songen starta 25. april 1967, mindre enn ei veke etter siste innspelingsdag for Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. Utgåva ein kan høyre i filmen er noko annleis, først og fremst i introduksjonen som er spelt inn på nytt og litt utvida.
Medverkande Paul McCartney – solovokal, piano, bass, røyta til sirkusdirektøren John Lennon – solovokal, korvokal, akustisk rytmegitar, perkusjon George Harrison – korvokal, sologitar, perkusjon Ringo Starr – trommer, perkusjon Mal Evans – perkusjon Neil Aspinall – perkusjon David Mason – trompet Elgar Howarth – trompet Roy Copestake – trompet John Wilbraham – trompet Personell per The Beatles Bible
Andre utgåver «Magical Mystery Tour» har vorte spelt på plate eller på konsertar av fleire andre band, mellom anna Cheap Trick, Type O Negative og Ambrosia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magical Mystery Tour (song)» frå , den 8. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Ambrosia-songar Kategori:Cheap Trick-songar Kategori:Yngwie Malmsteen-songar Kategori:Camel-songar Kategori:Paul McCartney-songar