Randulf er eit mannsnamn med opphav i dei norrøne orda rọnd, 'rand', og ulfr, 'ulv'. Dei norrøne formene av namnet var Randolfr og Rǫndolfr.

På engelsk er namnet kjend som Randolph med variantane Randal og Randall og forkortingane Randy og Ralph.

Randulf har norsk namnedag den 12. februar.

Bruk Namnet har vore i bruk i Storbritannia sidan mellomalderen, og kan også brukast som slektsnamn. Det har vore noko utbreidd i USA, der det var mest populært rundt 1950-talet. I 1990 var det 48 309 amerikanske menn, eller 0,03 %, som heitte Randolph.

Det var 129 menn som heitte Randulf i Noreg i 2009.

Kjende namneberarar Randulph of Evesham, abbed og biskop av Worcester 1213–1214 William Randolph Hearst (1863–1951), amerikansk mediemagnat og politikar Randolph Churchill (1849–1895), britisk politikar Randolph Scott (1898–1987), amerikansk skodespelar Johan Randulf Petter Giertsen (f. 1957), norsk jusprofessor Randolf Walderhaug (f. 1958), norsk skodespelar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Randulf» frå , den 11. februar 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Slektsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav