Per Petterson () er ein norsk forfattar.
Per Petterson er utdanna bibliotekar og arbeidde i fleire år i Tronsmo bokhandel i Oslo. Forfattardebuten kom i 1987 med novellesamlinga Aske i munnen, sand i skoa, som vart vel motteken av kritikarane, det har også dei seinare bøkene vorte, og dei har òg funne mange lesarar. Det verkeleg store gjennombrotet kom likevel først med romanen «Ut og stjæle hester» frå 2003, ein roman om forholdet mellom far og son, og om svik.
Bøkene hans er omsette til mellom anna dansk, svensk, engelsk, nederlandsk, tysk og litauisk. Han bur på Hemnes i Høland.
Bøker 1987 – Aske i munnen, sand i skoa, novellesamling 1989 – Ekkoland, roman 1992 – Det er greit for meg, roman 1996 – Til Sibir, roman 2000 – I kjølvannet, roman 2003 – Ut og stjæle hester, roman 2004 – Månen over porten, essaysamling 2008 – Jeg forbanner tidens elv, roman 2012 – Jeg nekter– roman 2018 – Menn i min situasjon – roman 2021 – Mitt Abruzzo. Journal 21.1-18.7.2021
Omsetting 1987 John Fante: 1933 var et dårlig år, roman (Tronsmobok Forlag, Oslo)
Prisar og utmerkingar 1988 Sarpsborgprisen 1993 Nota Bene Bokpris 1993 Språklig samlings litteraturpris 1996 Oktober-prisen 1997 Nominert til Nordisk råds litteraturpris for Til Sibir 2000 Brageprisen for I kjølvannet 2003 Bokhandlerprisen for Ut og stjæle hester 2003 Årets bok - Klassekampens litteraturpris for Ut og stjæle hester 2003 Kritikarprisen for Ut og stjæle hester 2008 Kritikarprisen for Jeg forbanner tidens elv 2008 Brageprisen for Jeg forbanner tidens elv 2009 Nordisk råds litteraturpris for Jeg forbanner tidens elv 2012 Bokhandlerprisen for Jeg nekter 2012 Gyldendalprisen 2016 Aschehougprisen 2016 Doblougprisen
Referansar
Bakgrunnsstoff Bøker av Per Petterson digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket Presentasjon av Per Petterson på nettstaden til Forlaget Oktober Utgjevingar av Per Petterson i BIBSYS
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen