Blåstokken var ein gard på Fedje som høyrte til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Blåstokken og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

Garden var av dei eldste på Fedje og vart første gong nemnd i 1522. Garden låg ved Kyrkjevågen på ein del av området som høyrer til Brotet i dag. I 1777 vart garden delt mellom brukarane på Brotet og Grenda.

Namnet kan kome av ei høgd, ein stakk.

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Gardar på Fedje