mini|Simon Ammann

Simon Ammann () i Grabs er ein sveitsisk skihoppar. Han representerer skiklubben RG Churfirsten. Ammann er den mestvinnande skihopparen i olympiske leikar med fire individuelle gullmedaljar, to i 2002 og to i 2004. Han vart verdsmeister i storbakken i 2007 og i skiflyging i 2010. I 2009/10-sesongen vann han verdscupen i skihopping.

Aktiv Ammann debuterte i verdscupen som 16-åring i sesongen 1997/98. Han kvalifiserte seg til OL 1998 i Nagano, men hevda seg ikkje. Han kom sterkt tilbake i 2002, der han vann begge dei individuelle OL-renna. Heile åtte år etter, under Vancouver 2010, gjentok Ammann bragda og vann renna i begge hoppbakkane. Same sesongen vart han også verdsmeister i skiflyging.

Merittar Olympiske vinterleikar Gull i stor bakke under Vinter-OL 2002 Gull i normalbakke under Vinter-OL 2002 Gull i normalbakke under Vinter-OL 2010 Gull i storbakke under Vinter-OL 2010

Ski-VM Gull i stor bakke under Ski-VM 2007 Sølv i normalbakke under Ski-VM 2007 Bronse i normalbakke under Ski-VM 2009 Bronse i normalbakke under Ski-VM 2011

Verdscupen Vinnar av verdscupen 2009/10 20 rennsigrar. I alt har han 68 gongar stått på sigerspallen (20-27-21)

I 2007 vart Simon Ammann tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder

Kategori:Sveitsiske skihopparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015