mini|Georg Brandes som foredragsholder, måleri av Peder Severin Krøyer, 1902. Det moderne gjennombrotet viser til ein periode i kunst- og litteraturhistoria rundt om lag 1870 og fram til 1880 der romantikken og poetisk realisme blei avløyst av realisme og naturalisme. Nemninga viser først og fremst til skandinavisk problematiserande litteratur, som i denne tida også fekk eit gjennombrot elles i Europa. Ho viser særleg til nordiske forfattarar som under inspirasjon og leiarskap av Georg Brandes insisterte på at litteraturen skulle «setja problema under debatt» og føra dei store ideane om samfunnsendring og framskritt inn i det nordiske åndslivet.Beyer, Edvard (1972): «Nordisk litteratur», Verdens litteraturhistorie, bind 9 Naturalismen (1860)-1990), Cappelens forlag, s. 268 Det moderne gjennombrotet blei innleidd gjennom dei kjende førelesningane som Brandes heldt ved Universitetet i København i 1871, same år som Pariskommunen prøvde å innføra eit revolusjonært folkestyre i Paris.Bernstein, Samuel (våren 1941): «The Paris Commune», Science & Society 5(2), s. 117-147 Førelesningane blei oppfatta som eit vendepunkt og eit tidsskrifte. Då Henrik Ibsen fekk lesa førelesningane året etter i bokform, uttalte han at det var «et svælgende dyb mellem igår og idag», og mange andre følte og oppfatta det same.
Viktige forfattarar Danmark: Herman Bang Georg Brandes Edvard Brandes Holger Drachmann Carl Ewald Karl Gjellerup J.P. Jacobsen Henrik Pontoppidan Adda Ravnkilde Sophus Schandorph Johan Skjoldborg Martin Andersen Nexø Finland Juhani Aho Minna Canth Alexandra Gripenberg Maria Jotuni Ina Lange Gerda von Mickwitz Karl August Tavaststjerna Noreg: Bjørnstjerne Bjørnson Camilla Collett Arne Garborg Henrik Ibsen Hans Jæger Alexander Kielland Jonas Lie Amalie Skram Sverige: Alfhild Agrell Victoria Benedictsson Anne Charlotte Leffler Mathilda Malling (Stella Kleve) August Strindberg
Kjelder
Kategori:Nordisk litteratur Kategori:Litteraturhistorie