Skotholmen (uttale skåthålmen) er ein holme og ein gard nordvest i Fedje kommune. Han er den nordlegaste garden på Fedje og er knytt til Moldøyna i søraust ved ei vegfylling. Holmen ligg på nordsida av Kyrkjevågen og nordaust for Mulen. Nord for Skotholmen ligg Moldøyosen, som er innseglinga til hamna på Fedje frå Fedjefjorden i vest.
Namnet «Skot» kjem truleg av «skjota» eller skyta, det vil sei eit framspring av land eller ei høgd som skyt i vêret. Det står mellom anna ein knaus på Skotholmen som skulle passa bra til denne skildringa.
Namnet har òg vorte skrive Stokholm i skriftlege kjelder, og det er denne stavinga som er nytta som slektsnamn i dag. I dei skriftlege kjeldene har namnet varieret mykje oppgjennom hundreåra: Schodeholmen, Skotholm, Schottholm, Schodtholm, Schotholmen, Skaatholmen, Stockholmen, Stocholmen, Stocholmen, Stokholm, Stochhlomb og Stocholm. I kyrkjebøkene vart i tillegg namnet Stefholmen nytta på 1700-talet, og på 1800-talet nytta prestane òg namnet Vågen.
Garden vart nemnd første gongen i 1590.
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Gardar på Fedje Kategori:Øyar i Fedje Kategori:Geografi i Fedje