No. Månad Panjabi Dagar Vestlege månader 1 Chet ਚੇਤ 31 mars-april 2 Vaisakh ਵੈਸਾਖ 31 april-mai 3 Jeth ਜੇਠ 31 mai-juni 4 Harh ਹਾੜ 31 juni-juli 5 Sawan ਸਾਵਣ 31 juli-august 6 Bhadon ਭਾਦੋਂ 30 august-september 7 Assu ਅੱਸੂ 30 september-oktober 8 Katak ਕੱਤਕ 30 oktober-november 9 Maghar ਮੱਘਰ 30 november-desember 10 Poh ਪੋਹ 30 desember-januar 11 Magh ਮਾਘ 30 januar-februar 12 Phagun ਫੱਗਣ 30/31 februar-mars
Nanaksjahi-kalenderen (pandjabi , nānakashāhī) er ein solkalender brukt av nokre sikhar. Kalenderen blei utforma i moderne tid og følgjer den gregorianske. Tradisjonelt har sikhar følgd den hinduiske bikrami-kalenderen.
Utgangspunktet for tidsrekninga er fødselen til den første sikh-guruen i 1469. Guru Nanak Dev har òg gjeve namn til kalenderen. Kalenderen legg fast alle viktige hendingar for sikhismen i høve til vestleg tidsrekning. Tradisjonelle høgtider som sikhar deler med hinduar, som divali og hola mohalla, følgjer stadig hindukalenderen.
Kalenderen er omstridd blant sikhar. På den eine sida frigjer han seg frå hindukalenderen, slik sikhismen var meint å ikkje vera verken hinduisme eller islam. Det at han følgjer den utbreidde vestleg kalenderen gjer det også lettare for sikhar å minnast viktige datoar. På den andre sida bygger han framleis på hindukalenderen i namn på månader, i tillegg til den opphavleg kristne vestlege kalenderen.
Nanaksjahi-kalenderen blei utforma av den kanadiske sikhen Pal Singh Purewal, som byrja arbeidet med han på 1960-talet, og teken i bruk av nokre sikhar rundt tusenårsskiftet. Første gongen han blei prøvd innført var i desember 1999 av den leiande sikhorganisasjonen Shiromani Gurdwara Prabandhak Committee, medan den andre leiande organisasjonen Akal Takht meinte ein ikkje burde innføra noko nytt før det var blitt konsensus innan khalsaen.
Nye år i nanaksjahi-systemet tek til på det som er den 13. mars i den gregorianske kalenderen.
Datoar
Hending Nanaksjahi-dato Vestleg datoFødselen til Guru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen 23. poh 5. januarFødselen til Guru Har Rai, den sjuande Sikh 19. magh 31. januarGuru Har Rai blei den sjuande sikh-guruenNanaksjahi-nyttårHola mohalla-høgtida1. chet 14. marsGuru Hargobind, den sjette sikh-guruen, døydde 6. chet 19. marsFødselen til Guru Nanak, den første sikh-guruen og grunnleggjaren av sikhismen Vaisakhi, grunnlegginga av khalsaen 1. vaisakh 14. aprilGuru Angad, den andre sikh-guruen, døydde 3. vaisakh 16. aprilGuru Amar Das blei den tredje sikh-guruen 3. vaisakh 16. aprilGuru Harkrishan, den åttande sikh-guruen, døydde 3. vaisakh 16. aprilGuru Tegh Bahadur blei den niande sikh-guruen 3. vaisakh 16. aprilFødselen til Guru Angad, den andre sikh-guruen 5. vaisakh 18. aprilFødselen til Guru Tegh Bahadur, den niande Sikh sikh-guruen 5. vaisakh 18. aprilFødselen til Guru Ardjan, den femte sikh-guruen 19. vaisakh 2. maiFødselen til Guru Amar Das, den tredje sikh-guruen 9. jeth 23. maiGuru Hargobind blei den sjette sikh-guruen 28. jeth 11. juniMartyrdommen til Guru Ardjan, den femte sikh-guruen, 2. harh 16. juniFødselen til Guru Hargobind, den sjette sikh-guruen 21. harh 5. juliGuru Hargobind Sahib 6. sawan 21. juliGuru Harkrisjan Sahib 8. sawan 23. juliGuru Granth Sahib, den heilage skrifta til sikhane, blei sett opp i det gylne tempelet for første gong. 17. bhadon 1. septemberGuru Amar Das, den tredje sikh-guruen, døydde 2. asu 16. septemberGuru Ram Das blei den fjerde sikh-guruen 2. asu 16. septemberGuru Ram Das, den fjerde sikh-guruen, døydde 2. asu 16. septemberGuru Arjan blei den femte sikh-guruen 2. asu 16. septemberGuru Angad blei den andre sikh-guruen 4. asu 18. septemberGuru Nanak, den første sikh-guruen, døydde 8. asu 22. septemberFødselen til Guru Ram Das, den fjerde sikh-guruen 25. asu 9. oktoberGuru Har Rai, den sjuande sikh-guruen, døydde 6. katik 20. oktoberGuru Harkrisjan blei den åttande sikh-guruen 6. katik 20. oktoberSikh-skrifta Guru Granth Sahib blei utropt som den siste guruen av Guru Gobind Singh 6. katik 20. oktoberGuru Gobind Singh, den tiande sikh-guruen, døydde 7. katik 21. oktoberGuru Gobind Singh blei den tiande sikh-guruen 11. maghar 24. novemberGuru Tegh Bahadur blei drepen 11. maghar 24. novemberAjit Singh og Jujhar Singh, dei to eldste sønene til Guru Gobind Singh,. blei drepne i slaget ved Chamkaur 8. poh 21. desemberZorawar Singh og Fateh Singh, dei to yngre sønene til Guru Gobind Singh, blei drepne i Sirhind 13. poh 26. desember
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nanakshahi calendar» frå , den 12. mars 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Nanakshahi Calendar at SGPC.net Nanakshahi Calendar at BBC Gurpurab Nanakshahi Calendar
Kategori:Sikhisme Kategori:Kalendrar