Black and Blue er eit album av The Rolling Stones frå 1976. Det var det første studioalbumet deira med Ronnie Wood som erstatning for Mick Taylor på gitar. Wood hadde alt spelt akustisk 12-strengsgitar på songen «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» på albumet It's Only Rock 'n' Roll frå 1974 og er med på halvparten av songane på Black and Blue med Wayne Perkins og Harvey Mandel på gitar på resten av songane.

Historie I desember 1974 reiste The Rolling Stones attende til München i Tyskland, der dei hadde spelt inn det førre albumet, It's Only Rock 'n' Roll, og starta innspelinga av det nye albumet i Musicland Studios, med Mick Jagger og Keith Richards - The Glimmer Twins - som produsentar. Dei ønskte å gje ut albumet før den amerikanske turneen deira sommaren 1975, reiste på ferie og kom attende i januar 1975 til Rotterdam i Nederland for å halde fram arbeidet. Samstundes hadde dei audition for nye gitaristar. Av dei håpefulle var Jeff Beck, Rory Gallagher, Harvey Mandel, Wayne Perkins, Peter Frampton og Ronnie Wood (det var berre Mandel, Perkins og Wood som medverka på det ferdige albumet). Det stod mykje arbeid att på albumet, og dei valde å utsette det eit år, medan samlinga Made in the Shade kom ut i staden.

Etter turneen var over, reiste The Rolling Stones til Montreux i Sveits i oktober for å legge på nokre fleire lydspor og i desember var dei i München for å gjere det same. Black and Blue vart gjort ferdig i New York City i februar 1976.

Stilistisk omfattar Black and Blue funk med «Hot Stuff»; reggae med versjonen deira av «Cherry Oh Baby»; og jazz med «Melody», der Billy Preston fekk syne talentet sitt på saksofon. Musikalske og tematiske stilar vart smelta saman på den sju minuttar lange «Memory Motel», med både Jagger og Richards på solovokal.

Albumet kom ut i april 1976 med «Fool to Cry» som første singel. Albumet nådde andreplassen i Storbritannia og Noreg og låg fire veker på førsteplassen i USA. Albumet fekk blanda kritikk og Creem omtalte det som det første meiningslause Stones-albumetCreem Vol. 8 Nr. 2 juli 1976 «State of the Art: Bland on Bland»

Som reklame for albumet hengde bandet opp ei kontroversiell reklametavle på Sunset Boulevard i Hollywood som synte modellen Anita Russell, forslått og bunden (av Mick Jagger) med setninga «I'm Black and Blue from the Rolling Stones — and I love it!» Plakaten vart fjerna etter protestar frå ei feministgruppe, men skaffa bandet mykje presseomtale.Child, Lee. (1977). «Really Socking It to Women» . Time (7. februar 1977).

To songar som vart spelt inn under innspelinga i Rotterdam vart seinare gjevne ut på Tattoo You frå 1981. Dette var «Slave» og «Worried About You».

Innhald

Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , korvokal , perkusjon , piano , elektrisk piano , elektrisk gitar Keith Richards – elektrisk gitar , korvokal , elektrisk piano , bassgitar , piano , co-solovokal Ronnie Wood – korvokal , elektrisk gitar Bill Wyman – bassgitar , perkusjon Charlie Watts – trommer , perkusjon

Andre medverkande Billy Preston – piano , orgel , synthesizer , perkusjon , korvokal , Nicky Hopkins – piano , synthesizer , orgel Harvey Mandel – elektrisk gitar Wayne Perkins – elektrisk gitar , akustisk gitar Ollie Brown – perkusjon Ian Stewart – perkusjon Arif Mardin – blåsararrangement

Teknisk Lydteknikarar – Keith Harwood, Glyn Johns, Phil McDonald, Lew Hahn (klipp) Assisterande teknikarar – Jeremy Gee, Dave Richards, Tapani, Steve Dowd, Gene Paul Lee Hulko – mastering i Sterling Sound (1976) Robert Ludwig – CD-mastering i Gateway Mastering Studios (1994) Bea Fleiter – kunstnarisk leiarhttps://www.lilianpacce.com.br/e-mais/o-design-de-bea-feitler-livro/

Salslister

Vekeslister Liste (1976)Plassering

Singles ÅrSingelListePlassering1976«Fool to Cry»UK Singles (OCC)61976«Fool to Cry»US Billboard Hot 100101976«Hot Stuff»US Billboard Hot 10049

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Black and Blue» frå , den 13. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Nederland