Ub (serbisk Уб) er ei elv vest i Serbia med ei lengd på 57 km. Ho er den lengste sideelva til Tamnava.
Ub spring ut frå Vlašić i regionen Podgorina vest i Serbia, nær landsbyen Kasapo. Frå kjelda til munningen renn ho houvdsakleg austover, parallelt til Tamnava, som ho munnar ut i nær landsbyen Šarbane. Elva drenerer eit område på 274 km² og nedslagsfeltet hennar høyrer til Svartehavet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ub River» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, 3. utg (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Serbia Kategori:Tobokstavsord