mini|Den vene jotunkvinna Gjerd. Trykk av W.G. Collingwood (1854 - 1932). Gerd eller Gjerd er eit førenamn frå norrønt Gerðr avleidd av garðr i tydinga «gjerde» eller «vern», og frå lengre kvinnenamn med denne endinga (t.d. Valgjerd). På tysk kan Gerd vera ei kortform av Gerhard.
Gerd har namnedag i Noreg og Sverige den 23. mars.
Namneformer Kvinnenamnet har ei anna form, Gerda, medan mannsnamnet kan ha formene Gert og Geert. Eit mannsnamn frå same rot (utan i-ljodbrigde) er Gard.
Namnelekkene -gjerd (òg stava -gerd) finst i ei rekke kvinnenman, som Asgjerd, Hallgjerd og Ingjerd.
Bruk Namnet Gerd er kjend på Island frå 900-talet, men i Noreg først frå 1800-talet. Gerd var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg i perioden ca. 1910–1950.
Norrøn mytologi Gjerd er namnet på ei gyger i norrøn mytologi som Frøy forelska seg i og gifta seg med, skildra i Skirnesmål.
Namneberarar mini|Minneplate for den tyske gallerieigaren Gerd Rosen. Kvinner Gerd Nyquist (1913–1984), norsk forfattar Gerd Kirste (1918-2004), norsk politikar Gerd Åsta Hjelm Arnesen (1919–2003), norsk komponist og tekstforfattar Gerd Mårtensson (f. 1919), svensk skodespelar Gerd Brantenberg (f. 1941), norsk forfattar Gerd Dvergsdal (f. 1946), norsk politikar Gerd-Liv Valla (f. 1948), norsk fagforeiningsleiar Gerd Janne Kristoffersen (f. 1952), norsk politikar Gerd Kvale (f. 1955), norsk psykolog
Menn Gerd von Rundstedt (1875-1953), tysk offiser Gerd Albrecht (f. 1935), tysk dirigent Gerd Müller (f. 1945), tysk fotballspelar Gerd Binnig (f. 1947), tysk fysikar, vann nobelprisen i 1986
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Gerd» frå , den 22. mars 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Mannsnamn Kategori:Namnedelar Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Nordiske førenamn Kategori:Islandske førenamn Kategori:Tyske førenamn Kategori:Tvikjønna namn