Sombor (serbisk Сомбор) er ein by i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen like over 40 000 innbyggjarar, medan heile kommunen har rundt 70 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Vest-Bačka.

Historie Byen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1340. Byen høyrte til Kongedømet Ungarn fram til 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Under osmanarane flykta ungarane frå byen og han vart hovudsakleg busett av etniske serbarar.

Sidan 1687 kom byen under Habsburgmonarkiet og var ein del av Militærgrensa. I 1717 vart den første ortodoske grunnskulen opna. Fem år seinare opna òg ein katolsk skule. I 1745 vart Sombor tatt bort frå Militærgrensa og innlemma i Bacsensis fylke. I 1749 fekk Sombor status som «fri kongeleg by». I 1786 vart han sete i Bacsensis fylke.

I 1848/1849 vart Sombor ein del av Serbisk voivodskap, ein serbisk sjølvstyrt region i Det austerrikske keisardømet, og mellom 1849 og 1860 var han ein del av Voivodskapet Serbia og Tamiš Banat, eit eige austerriksk kronland. Etter dette kronlandet vart nedlagd, vart Sombor setet i det nye Bács-Bodrog (Bačka-Bodrog) fylke.

Sidan 1918 vart Sombor ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kalla Jugoslavia). Mellom 1918 og 1922 låg han i Bačka fylke, mellom 1922 og 1929 i Bačka oblast og mellom 1929 og 1941 i Donau Banovina.

I 1941 vart byen okkupert av aksemaktene og annektert av Ungarn. Okkupasjonen enda i 1944 og Sombor vart ein del av det nye sosialistiske Jugoslavia og sidan 1945 i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina.

Befolkningsutvikling

+ Historiske folketal År Folketal 1948 90 477 1953 92 583 1961 96 191 1971 98 080 1981 99 168 1991 96 105 2002 97 263 2011 85 903 2022 70 818

Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Sombor 51 471 47 623 41 814 Kljajićevo 6 012 5 045 4 006 Bezdan 5 263 4 623 3 269 4 808 3 987 2 914 3 720 3 282 2 815 4 359 3 426 2 696 3 920 3 485 2 647 3 169 2 746 2 162 2 590 2 011 1 482 2 201 1 810 1 309 2 172 1 770 1 295 2 084 1 720 1 182

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sombor» frå , den 23. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Slobodan Ćurčić, Broj stanovnika Vojvodine, Novi Sad, 1996.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Vojvodina Kategori:Byar og tettstader i distriktet Vest-Bačka Kategori:Distriktet Vest-Bačka