Flashpoint er eit konsertalbum av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Det kom ut i 1991 og bestod av opptak frå 1980 og 1990 under den storstilte Steel Wheels/Urban Jungle-turneen. Det var det første konsertalbumet til bandet sidan "Still Life" (American Concert 1981) frå 1982.

Historie Songen inneheld to songar spelt inn i studio, «Highwire» og «Sex Drive», som vart gjeven ut som singel i 1991 og var ein kommentar til Golfkrigen.

Innhaldet er ei blanding av kjende hittar blanda med nye songar frå Steel Wheels, samt eit par meir obskure songar som «Factory Girl» frå Beggars Banquet (1968) og «Little Red Rooster», som var ein singel frå 1964, her med Eric Clapton som spesiell gjest på gitar. I tillegg inneheldt albumet ei utgåva av «Salt of the Earth» med Axl Rose og Izzy Stradlin frå Guns N' Roses. To songar, «Rock and a Hard Place» og «Can't Be Seen», kom berre ut på CD-utgåva.

Flashpoint vart det siste albumet The Rolling Stones gav ut på Sony Music, og signerte sidan ein lukrativ avtale med Virgin Records i 1991, der dei fortida framleis er. Albumet var den aller siste utgjevinga med Bill Wyman som bassist. Etter tretti år i bandet valde den 55 år gamle Wyman at ønskte å gjere andre ting. Offisielt forlet han bandet først i januar 1993. Då Wyman forlet bandet vart endeleg Ronnie Wood eit fullt medlem av Rolling Stones og ikkje berre ein løna musikar, 18 år etter han først kom med i bandet.

Flashpoint vart gjeven ut i april 1991 og vart generelt godt teken imot. Songen «Highwire» vart ein radiohit og albumet nådde sjetteplassen på salslista i Storbritannia, 16. plass i USA og 11. plass i Noreg.

Innhald

CD-utgåve

Vinyl

Medverkande Mick Jagger - vokal, munnspel Keith Richards - gitar, korvokal Ronnie Wood - gitar Bill Wyman - bass Charlie Watts - trommer

Chuck Leavell - keyboard Matt Clifford - keyboard og valthorn Lisa Fischer - korvokal Bernard Fowler - korvokal Cindy Mizelle - korvokal The Uptown Horns - blåsarar The Kick Horns - blåsarar på «Rock and a Hard Place» Eric Clapton - gitar på «Little Red Rooster» Tessa Niles - korvokal på «Sex Drive» Katie Kisson - korvokal på «Sex Drive»

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1991 Kategori:Album produserte av Chris Kimsey