Stripped er eit konsertalbum av The Rolling Stones som vart gjeven ut i 1995 under Voodoo Lounge-turneen deira. Albumet er ulikt dei tidlegare konsertlaubma deira sidan det inneheld ei blanding av intime klubb-innspelingar og direkte opptak frå studio av klassiske Rolling Stones-songar.

Studiodelen av plata vart spelt inn i to omgangar, frå 3. til 5. mars 1995 i Tokyo i Japan og 23. til 26 juli i Lisoba i Portugal, medan konsertopptaka er frå London, Paris og Amsterdam.

Som ein bonus på CD-utgåva hadde nokre versjonar av Stripped eit dataspor som berre var tilgjengeleg på ein datamaskin, der ein kan sjå bandet øve på «Tumbling Dice» og «Shattered», og ei alternativ utgåve av «Like a Rolling Stone», samt intervju med Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts og Ronnie Wood.

Albumet kom ut i november 1995 som det andre albumet deira på Virgin Records. Albumet vart godt tekne imot og nådde niande plassen i både Storbritannia og USA. I Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista. Den første singelen frå albumet var ei utgåve av Bob Dylan-songen «Like a Rolling Stone», som nådde 12. plassen i Storbritannia. Oppfølgjaren var «Wild Horses» tidleg i 1996. Innhald

Medverkande Mick Jagger - vokal, munnspel, gitar, maracas Keith Richards - gitar, vokal Charlie Watts - trommer Ronnie Wood - gitar

Darryl Jones - bass, korvokal Chuck Leavell - keyboard, korvokal Bernard Fowler - korvokal, perkusjon Lisa Fischer - korvokal Bobby Keys - saksofon Andy Snitzer - saksofon Michael Davis - trombone Kent Smith - trompet Don Was - B-3 orgel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stripped (The Rolling Stones album)» frå , den 28. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Album på toppen av VG-lista Kategori:Konsertalbum frå 1995 Kategori:Album produserte av Don Was