«Sweet Neo Con» er ein song av The Rolling Stones frå albumet A Bigger Bang frå 2005.

Songen kom i fokus i media på grunn av tekstlinjer som:

Vokalist Mick Jagger nekta først for at songteksten var retta mot George W. Bush, president i USA på den tida. I september 2005 vart Jagger intervjua av musikkmagasinet Rolling Stone, der han forklarte at han ikkje likte å snakke om andre land sine presidentval, men at det no etter valet var mogeleg for han å stadfeste kven songen var retta mot.

Songen er hovudsakleg skriven av Jagger med Jagger på vokal, munnspel, bass og gitar i lag med Richards på gitar og Charlie Watts på trommer.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sweet Neo Con (song)» frå , den 30. mars 2009.

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 2005 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av Don Was