Hamre kyrkje står på Hamre i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei lafta langkyrkje med stutte krossarmar. Kyrkja er frå kring 1600, men ho er ikkje sikkert datert. Tidlegare har kyrkja vore datert til perioden 1620–1640, men ei innskrift på den gamle kyrkjedøra fortel at kyrkja er frå 1585. I ei anna, no dels forsvunnen, innskrift over korbogen vert det fortald at kyrkja vart vølt og forbetra i 1649. Det kan peike mot at kyrkja då alt hadde ein viss alder.
Det har vore kyrkje på Hamre sidan mellomalderen, og Hamre kan ha vore den fyrste kyrkjestaden i Nordhordland. I 1024 vart det vedteke på Mostratinget at Hamre skulle vere staden der hovudkyrkja i Nordhordland skulle stå. Ein veit ikkje om det då allereie var ei kyrkje der eller om ho vart bygd etter vedtaket. Det er truleg at den fyrste kyrkja var ei lita stolpekyrkje. Altaret i dagens kyrkje kan ha stått på same plassen heilt sidan den fyrste kristne tida. Denne kyrkja skal ha vorte avløyst av ei større kyrkje i 1170. Ho stod til dagens kyrkje vart bygd. I kyrkja er det teke vare på nokre bygningsdelar som er frå den førre kyrkja. Desse tyder på at det var ei stavkyrkje.
Hamre kyrkje er soknekyrkje i Hamre sokn i Åsane prosti. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld. Hamre var tidlegare eige prestegjeld og kyrkja var i mellomalderen fjerdingskyrkje for heile Nordhordland.
Kjelder Hamre kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Hamre sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Om Hamre kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Osterøy kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Osterøy Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1500-talet Kategori:Kulturminne i Osterøy Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Rosemåla kyrkjer