Mo kyrkje står i kommunesenteret Mo i Modalen kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd 1882–83.

mini|venstre|Mo med kyrkja

Arkitekt for bygget var Johannes Øvsthus frå Hosanger.

Det har vore kyrkje på Mo sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Mo-kyrkja nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja har mest truleg vore ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1593. Den lafta kyrkja vart riven då dagens kyrkje var ferdigbygd 1883, og ho stod like nordom den noverande kyrkja.

Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo i Nordhordland prosti. Ostereidet prestegjeld vart oppretta i 1967 av Ostereidet sokn som vart skild ut frå Hamre og Mo sokn som vart skild ut frå Hosanger prestegjeld. Før 1749 høyrde Mo sokn til Hamre prestegjeld.

Kjelder Norges Kirker: «Mo kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Mo sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Modalen kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Modalen Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Johannes Øvsthus Kategori:Kulturminne i Modalen Kategori:Tusenårsstader