Podtatranská kotlina er eit bekken nord i Slovakia som er ein del av Fatra-Tatra-området i Dei indre vestlege Karpatane.

Podtatranská kotlina strekkjer seg frå aust til vest og er om lag 80 km lang og rundt 10 km brei.

Området grensar til Tatrafjella i nord Spišská Magura i nordaust Levočaåsane i aust Kozie chrbty i søraust Låge Tatra i sør Store Fatra i sørvest Chočské vrchy i nordvest

Bekkenet er delt inn i tre område: Liptovská kotlina (Liptovbekkenet), Popradská kotlina (Popradbekkenet) og Tatranské predhorie (Tatra Piemonte).

mini|venstre|Podtatranská kotlina sett frå Låge Tatra. Landsbyane på bilete er Liptovský Ján (senter), Uhorská Ves (venstre) og Podtureň (høgre).

Grensene mellom dei tre nemnde bekkena er òg vasskilja i området: Váh drenerer den vestlege delen, og munnar ut i Donau, som munnar ut i Svartehavet, og Poprad drenerer den austlege delen og munnar ut i Dunajec og Wisła, som munnar ut i Austersjøen.

Den gjennomsnittlege høgda på bekkenet er 700-800 meter over havet. Det lågaste punktet er nær Ružomberok på 475 moh og det høgaste nær Štrba på rundt 900 moh.

Opphavleg var området skogkledd, men er i dag avskoga for å nyttast til jordbruk.

Av byar i området finn ein Ružomberok, Liptovský Mikuláš, Liptovský Hrádok, Svit, Poprad, Kežmarok, Spišská Belá og Podolínec.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Podtatranská kotlina» frå , den 5. april 2009. oppgav desse kjeldene: Delar av tilsvarande artikkel på Tysk Wikipedia

Kategori:Slovakisk geografi