Dansk Estland syner til landområde i det seinare Estland som var under dansk styre på 1200-1300-talet og igjen på 1500-1600-talet.

Danmark bygde seg opp med militærvesen og auka handel på 1100-talet. Piratverksemd med utgangspunkt i Ösel og Kurland truga etter kvart handel med Baltikum. Danske flåtestyrkar gjekk til åtak på Estland i 1170, 1194 og 1197. I 1206 leia kong Valdemar II av Danmark og erkebiskop Andreas Sunonis eit utfall mot Ösel (Saaremaa). Kongane av Danmark gjorde krav på Estland, og fekk stønad frå paven. I 1219 sigra danskane i slaget ved Lyndanisse, som la Nord-Estland under dansk styre. Danskane hadde kontroll over området til det estiske opprøret i 1343, då området vart teke over av den tyske riddarordenen og endeleg seld av Danmark i 1346.

I 1559 under den liviske krigen selde biskopen av Ösel-Wiek i Gamle Livland landområda sine til Fredrik II av Danmark-Noreg for 30 000 thaler. Den danske kongen gav området til den yngre bror sin Magnus av Holstein, som gjekk i land på Saaremaa med hæren sin i 1560. Heile Saaremaa vart under dansk herredøme i 1573, til det vart overført til Sverige i 1645 ved Freden i Brömsebro.

Sjå òg Svensk Estland Nordlege krosstog Svenske krosstog Estisk historie Finsk historie Latvisk historie Litauisk historie

Referansar

Kategori:Estisk historie