Kuressaare (tysk Arensburg) er ein by og kommune i Estland på øya Saaremaa. Han er hovudstaden i Saare maakond og har like under 15 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved kysten av Rigabukta og vert tent av Kuressaare lufthamn.

mini|venstre|Kuressaare rådhus. mini|venstre|Kuressaare slott.

Historie Kuressaare vart første gong nemnd i 1154 og utvikla seg rundt eit bispepalass (latinsk Arx Aquilae), som først vart nemnd i 1381. I 1559 vart han seld av bispedømet Ösel-Wiek til Danmark og han fekk byrettar. I 1645 kom han under svensk kontroll etter Brömsebro-traktaten. Kuressaare var tidlegare kjend under det tyske og svenske namnet Arensburg. Kuressaare vart brend til grunnen av russisk troppar i 1710 under den store nordiske krigen. Med freden i Nystad i 1721 kom byen under russisk kontroll. På 1700-talet var Kuressaare ein populær feriestad. Det historiske tyske namnet Arensburg vart erstatta av Kuressaare i 1918 då Estland fekk sjølvstende etter den første verdskrigen. Frå 1952 til 1988 heitte han Kingissepa etter bolsjeviken Viktor Kingissepp som var fødd i Kuressaare (må ikkje forvekslast med den russiske byen Kingisepp).

I oktober 1990 vart Kuressaare den første byen i Estland som fekk eit eige bystyre. I dag er Kuressaare ein trygg og sunn by som er open for internasjonal samarbeid og kommunikasjon.

Fotballaget i byen heiter FC Kuressaare.

Folk frå Kuressaare Eugen Dücker (1841-1916), kunstnar Louis Kahn (1901-1974), arkitekt Ivo Linna (f. 1949), songar Grete Paia (f. 1995), songar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Estland Kategori:Kommunar i Estland Kategori:Saare maakond Kategori:Busetnader grunnlagde i 1380-åra