Lihula (tysk Leal) er ein by og ein kommune i Lääne maakond i Estland med om lag 1 300 innbyggjarar.
Lihula-borga vart først nemnd i 1211. Han var sete for bispedømet Saare-Lääne (Ösel-Wiek). Den 8. august 1220 vart ein svensk arme slått i eit slag her av estlendingane.
Ei kort stund stod det eit monument i Lihula til ære for dei estiske soldatane som kjempa i lag med tyskarane mot Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Statsminister Juhan Parts gav ordre om å fjerne monumentet og sidan juni 2007 har det stått på Okkupasjonsmuseumet i Tallinn.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lihula» frå , den 8. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Estland Kategori:Kommunar i Estland Kategori:Lääne maakond