Jostein Gaarder () er ein norsk forfattar.

Han vart fødd i Oslo, og studerte skandinaviske språk og teologi ved Universitetet i Oslo. Før han byrja på si forfattarkarriere underviste han i filosofi ei kort stund. Tema frå dette faget har seinare gått igjen i fleire av bøkene hans.

Hans best kjende verk er romanen Sofies verden. Romanen er omsett til 54 språk og utgjeve i meir enn 20 millionar eksemplar.

Verkliste Diagnosen og andre noveller– noveller(1986) Barna fra Sukhavati – barnebok (1987) Froskeslottet – barnebok (1988) Kabalmysteriet – ungdomsbok (1990) Sofies verden. Roman om filosofiens historie – roman (1991) Julemysteriet – barnebok (1992) I et speil, i en gåte – ungdomsbok (1993) Bibbi Bokkens magiske bibliotek (medforfattar) – ungdomsbok (1993) Hallo? Er det noen her? – barnebok (1996) Vita Brevis – roman (1996) Maya – roman (1999) Sirkusdirektørens datter – roman (2001) Appelsinpiken – ungdomsbok (2003) Sjakk matt – antologi (2006) De gule dvergene – barnebok (2006) Slottet i Pyreneene – roman (2008) Det spørs – billedbok (2012) Anna. En fabel om klodens klima – roman (2014)

Utmerkingar

Den norske Kritikerprisen for litteratur 1990 for Kabalmysteriet Sonja Hagemanns barne- og ungdomsbokpris i 1991 for Sofies verden Bokhandlarprisen i 1993 for I et speil, i en gåte Skolebibliotekarforeningens litteraturpris i 1993 for Kabalmysteriet, Sofies verden og Julemysteriet Peer Gynt-prisen i 1996 Brageprisen sin heiderspris i 2002 Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris i 2003 Gaarder vart i 2005 utnemnd til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Bakgrunnsstoff josteingaarder.net (wikinettstad)

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske filosofar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen