Evanger kyrkje står på Evanger i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1851.
Byggmeister for kyrkja, som er bygd i tre og har sitjeplassar til 250 personar, var Ole Syslak.
Kyrkja er soknekyrkje i Evanger sokn i Hardanger og Voss prosti.
Tidlegare kyrkjer på Evanger Det har vore kyrkje på Evanger sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Evanger-kyrkja nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring midten av 1300-talet. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje. Det er litt uklårt kor lenge mellomalderkyrkja stod, men ho vart truleg erstatta av ei tømmerkyrkje på 1600-talet. 1600-talskyrkja stod til ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1851. Frå mellomalderkyrkja er teken vare på ei kyrkjeklokke, medan den andre av dei klokkene som er i kyrkja er frå 1673.
Kjelder Norges Kirker: «Evanger kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Evanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arne Høyland: «Evanger kyrkje» på nettstaden scandion.no Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Voss kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Ole Syslak Kategori:Kulturminne i Voss