Vilhelm II av England (), også kalla William Rufus ('Raude-Vilhelm', fransk Guillaume Le Roux) var son av Vilhelm Erobreren og Matilda av Flandern og konge av England frå 1087 til han døydde i 1100.
Vilhelm var den tredje sonen til Vilhelm Erobraren og Matilda av Flandern, og blei vald ut som tronarving i England etter at Richard, ein eldre bror, døydde. Dei andre brørne hans var hertug Robert II av Normandie og den seinare Henrik I av England.
Vilhelm fekk makt over Normandie og hadde noko innflytelse over Skottland, men hadde mindre suksess med å erobra Wales. Hovudministeren hans var Ranulf Flambard, som han gav den viktige stillinga biskop av Durham i 1099.
Vilhelm II gifta seg aldri og fekk ingen barn. Han døydde av ei pil i brystet under ein jakttur i New Forest.
Kategori:Engelske monarkar Kategori:Normannarar