right|thumb|180px|Dei fire hovudgruppene av norske dialektar:

Trøndersk eller trøndsk er ei gruppe av norske dialektar som blir tala i Trøndelag, på Nordmøre og i det meste av Bindal i Nordland. I to av dei gamle norske provinsane i Sverige — Jämtland og Härjedalen — blir det tala nærskylde dialektar.

Trøndersk har ein del felles med dialektane på Austlandet, som til dømes jamning, lågtone-setningsmelodi, og retroflekse konsonantar, og andre trekk felles med nordnorsk som palatalisering og apokope.

Typiske trekk i trønderske dialektar

Jamvekstmål Trøndersk har jamvektsystemet, som dei austnorske måla. Dialektane i Trøndelag skil seg likevel frå dei austnorske ved at dei norrøne langstavingsorda har apokope og ikkje e-ending. Typeeksempel frå trøndersk er såleis å vårra, å kåmmå, men å bit, å kast. Jamvektsorda i trøndersk forlenger regelfast konsonanten mellom rot- og endestaving: å våttå, å båkkå.

Tjukk l og palatalisering Det trønderske målområdet har tjukk l: ei soL og eit boL (bord). Eit stort ytre område sør for Trondheimsfjorden har likevel tjukk l berre i typen soL. Her heiter det soL, men bor.

Trøndelag har palatalisering (j-uttale) av dentalane. Ein hermer etter trønderen som seier "mannj med hannjhonnj i bannj". I heile Trøndelag heiter det mannj, kvellj, (kveld) og reddj (redd). I Sør-Trøndelag har ein desse nemnde formene og i tillegg palatalisering i bunden form fleirtal honnjannj (hundane) og spannjannj (bunden form fleirtal av eit spann), gutannj (gutane) og anna.

Dativbruk Dativ har heilt til det siste vore i bruk i trøndermåla, med unntak av Fosen-måla og dei ytre Namdals-måla. Trondheims- og Kristiansunds-målet har også mangla dativ. Eksempel frå indre delar av fylket: «eg møtte manna», «hu e lik morån sin» (ho er lik mora si), «han ga hæstom høy». Tradisjonelt har trøndersk dativbøying i substantiv, pronomen, adjektiv og nokre stadnamn. Dativen er eit særdrag som i dag blir borte hos unge folk.

Inndeling av dei trønderske dialektane Trønderdialektane kan delast i to grupper, inntrøndersk og uttrøndersk. Bakgrunnen for denne inndelinga byggjer særleg på ulik gjennomføring av jamninga i jamvektsorda.

Inntrøndersk, eller austtrøndersk, som omfattar dei indre bygdene i Sør-Trøndelag og distriktet rundt den indre delen av Trondheimsfjorden bortsett frå Trondheim bymål. Uttrøndersk, eller vesttrøndersk, som omfattar Nordmøre, dei ytre bygdene i Sør-Trøndelag, inkludert Trondheim by, og dei ytre bygdene i Nord-Trøndelag.

Inntrøndersk Typiske inntrønderske jamningsformer i jamvektsorda er vårrå, våttå, ei vukku eller vokko (= veke), ein nåvvå (neve), ein ståggå (stige). I Indre Namdalen heter det varra, vatta, ei vokko, ein navva, (neve), ein stagga og så vidare. Ei setning frå inntrøndersk vil ifølgje Dalen 1997 kunna lyda slik: «han tok båttan i nåvvån å skråvva oppi ståggån» (han tok beten i neven og skreva oppi stigen). Dette blir kalla utjamning.

I dalane i Sør-Trøndelag har diftongane blitt forenkla, altså monoftongerte. I det sørlege inntrøndske området heiter det: ben, røk, stör (i staden for bein, røyk, staur). Denne diftongforenklinga er gammal i dialektane her. I nyare tid har det også kome til monoftongering på Innherad (inst i Trondheimsfjorden), og på Nordmøre.

Substantivbøyinga i inntrønderske dialektar går om lag slik (hankjønn og hokjønn):

En hæst – hæst’- mang hæsta – allj hæstanj Ei dør – døra – mang døra – allj døranj Ei gryt – gryta - mang gryta – allj grytanj

I Inntrøndelag finn ein pronomenformer som i, je, e (eg) og me og åss (me og oss).

Uttrøndersk Typiske uttrønderske jamningsformer i jamvektsorda er værra, vætta, ei vækka (eller ei vækko), ein nævva, ein stægga og så vidare. Den nemnde setninga frå inntrøndersk (jf. ovanfor) vil i dei ytre måla lyda slik: «han tok bættan i nævvan å skrævva oppi stæggan». Dette blir kalla tiljamning.

Også i dei ytre måla finn ein monoftongering. Denne diftongforenklinga er historisk sett langt yngre den inntrøndske. På Nordmøre heiter det i dag ben, sten, res (ei reise), med ein e-lyd som ligg mellom e og æ. Vidare heiter det i dette området bLöt, stör (staur) og lös (med ein open ø-lyd). Tilsvarande nyare utvikling finn ein også på Innherad, inst i Trondheimsfjorden.

Substantivbøyinga i uttrøndersk er stort sett den same som i inntrøndersk, men på Nordmøre og i Hemne har dei svake hokjønnsorda ei anna bøying:

Ei gryt – gryto/grytå – mang gryto/grytå – allj gryton/all grytån (Ytre Namdalen har -r i fleirtal: mang grytor/grytår)

I dei ytre måla finn ein til vanleg pronomenformer som æ (eg) og vi.

Variasjonar Det finst til dels store skilnader mellom dei trønderske dialektane. Ein snakkar meir tradisjonell trøndersk i bygdene enn i byane, og dei største skilnadene finn ein mellom enkelte dialektar i Nord-Trøndelag og den sterkt bokmålspåverka "fintrøndersken" i Trondheim. Dette viser seg t.d. i korleis ein bøyer verbet "vera". "Innherad" i dette tilfellet: Innherad og Stjørdal med omkringliggjande område.

VeraInfinitivPresensPreteritumPerfektumPluskvamperf. Nynorsk vera eg er eg var eg har vore eg hadde vore Innherad vårrå æ e æ va æ har/hi virri/vorri/verri æ ha(dd) virri/vorri/verri Nordmøre var(r)a e/æ e e/æ va e/æ ha vor(r)e e/æ ha vor(r)e Trondheim vær(ra) æ e æ va æ har vært æ hadd(a) vært Bokmål være jeg er jeg var jeg har vært jeg hadde vært

Det er òg mogleg å sjå klare skilnader i bruken av nyord henta frå bokmål.

bokmålNy-trøndersk uttaleTradisjonell dialektnynorsk jente jeñtje veitj Tilsvarande ord finst også i moderne frisisk. jente/veikje Av "våk", norrønt vákr 'svekling, vesling'. sulten suiltj'n sopiñ svolten/sopen smør smørr smör/smær smør dør dør dör/dær dør

Adjektiv

Adjektiv blir bøygd nesten som på nynorsk, men med apokope i komparativ: Svart, svartar, svartast.

I nokre døme har trøndersk anna idiom eller uttale:

nynorsktrøndersk bra, betre, best bra, ber/likar, bæst/likast stor, større, størst stor, støør, støsst

Substantiv Substantivbøyinga varierer ein god del mellom dei ulike trøndermåla. Både i uttale og antall bøyingsformer. Nedanføre kjem nokre tabellar for å vise skilnadane mellom dei ulike måla i Trøndelag, med måla frå Sunndal og Tingvoll på Nordmøre og Vemdalsmålet i Herjedalen.

Sterke hokjønnsord Den sterke hokjønnsbøyinga er ganske lik i det meste av området. Den bestemte forma er oftast -a, men Selbumålet har ein nasal -ã der, frå gamalnorsk -an. Dativ eintal er -(e)n frå gamalnorsk -inni. Fleirtal er oftast -i eller -e, men dei fell i lag med hannkjønn og får -a i Røros og nokre yngre mål. Den nasale konsonanten i bestemt fleirtal kan vera palatalisert eller ikkje. Dativ fleirtal er likt i alle kjønn, og innan trøndermåla er M-endinga oftast teken vare på utanom Nordmøre, Hemne og Snillfjord der M datt bort. Dialekt:NynorskSunndalTingvollFroanViknaHarranSnåsaSparbuStrindaTrondheimOrkdalOppdalSelbuBudalÅlenRørosVemdalenEintalUbsetemtskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålskålBestemtskåla(-i)skålaskålaskålaskålaskålaskålaskålaskålaskålaskålaskålãskålaskålaskålaskålaDativxskålnskålnxskålnskålnskålnskålnxskålnskålnskålnskålnskålnskålenskålnFleirtalUbestemtskålerskåleskåleskåleskåliskåliskåliskåliskåleskåleskåleskåliskåliskåliskålaskåläBestemtskåleneskåliɲskåliɲɲskålenskåliɲɲskålinnskålinskåliɲɲskålenskålennskåliɲskåliɲskåliɲskåliɲɲskålanskålänDativxskåloskålåxskålåmskålomskålåmskålåmxskålomskålåmskålåmskålɞmskålɞmskålomskålɞm

Linne hokjønnsord Linne hokjønnsord som ikkje fylgjer jamvektsloven har mange forskjellige former rundt om. Hovudforma kan vera apkokopert som ei vis''' eller halde på endingsvokalen som dei gjer sør-aust i målområdet. Den bestemte forma er oftast -a, men på Nordmøre og Ytter-Namdalen finn ein former med -å, og Selbumålet har ein nasal -ã der, frå gamalnorsk -an.

Fleirtalsforma kjem frå gamalnorsk -ur, og der er forma -år frå delar av Ytter-Namdalen mest konservativ. Dei fleste av trøndermåla varierar mellom -o/å og -a. Bestemt fleirtal er oftast same vokal som ubestemt, men nokre mål som i Selbu varierar det med viså mot visɛɲ. N-lyden kan vera anten palatal eller dental etter dialekt.

Dativ eintal hadde endinga -unni på gamalnorsk. Den forma er redusert til -åɲ/ån/oɲ/on/ɞɲ/ɞn eller vidare til -eɲ/en/'n, om ikkje målet manglar dativ i det heile. Dativ fleirtal er likt i alle kjønn, og innan trøndermåla er M-endinga oftast teken vare på utanom Nordmøre, Hemne og Snillfjord der M datt bort. Dialekt:NynorskSunndalTingvollFroanViknaHarranSnåsaSparbuStrindaTrondheimOrkdalOppdalSelbuBudalÅlenRørosVemdalenEintalUbsetemtvise(-a)visvisvisvisvisvisvisvisvisvisvisviseviseviseviseviseBestemtvisavisavisåvisavisåvisavisavisavisavisavisavisavisãvisavisavisavisaDativxvisåɲvisåɲɲxxvisånvisnvisånvisånxvisenvisåɲvisɛɲvisɞɲvisnvisnvisnFleirtalUbestemtviser(-or)visovisåvisavisårvisåvisavisåvisåvisavisovisåvisåvisɞvisåvisavisäBestemtvisene(-one)visåɲvisåɲɲvisanvisånnvisånvisanvisånvisåɲɲvisanvisoɲɲvisåɲvisɛɲvisɞɲvisåɲɲvisanvisänDativxvisomvisåxxvisåmvisomvisåmvisåmxvisomvisåmvisåmvisɞmvisɞmvisomvisɞm

Samanlikning med islandsk, færøysk, norrønt og gammalsvensk

Det blir sagt at ein finn dei «breiaste» formene av trøndersk i regionen Innherad; og då fyrst og fremst på Verdal og på Skogn. Der ber det daglegdagse målet preg av både svensk, norrønt og islandsk. Dette kan ha samanheng med at det hovudsakleg var menneske frå Trøndelag og Vestlandet som busette Island. Samstundes er det lettare å halde på dialekt på bygdene enn i byane.

FaraInfinitivPresensPreteritumPerfektumPluskvamp.Innherad fårrå æ fer æ fór æ har/hi firri æ ha(dd) firriIslandsk fara ég fer ég fór ég hef farið ég hafði fariðFærøysk fara eg fer eg fór (eg eri farin) eg hevði fariðNorrønt fara ek fer ek fór ek hefi farit ek hafða faritGammalsvensk fara iak far iak fór iak havir farit iak hafþi farit Eta Infinitiv Presens Preteritum Perfektum Pluskvamperf.Innherad eta æ ét æ åt æ har/hi itti æ ha(dd) itti/ettiIslandsk eta ég ét ég át ég hef étið ég hafði étiðFærøysk eta eg eti eg át eg havi etið eg hevið etiðNorrønt eta ek et ek át ek hefi etit ek hafða etitGammalsvensk æta iak æter iak át iak havir ætit iak hafþi ætit Få Infinitiv Presens Preteritum Perfektum Pluskvamperf.Innherad få æ får/fe æ fekk æ har/hi fått æ ha(dd) fåttIslandsk fá ég fæ ég fékk ég hef fengið ég hafði fengiðFærøysk fáa eg fái eg fekk eg havi fingið eg hevði fingiðNorrønt fá ek fæ ek fekk ek hefi fengit ek hafða fengitGammalsvensk fá iak fár iak fikk iak havir fát iak hafþi fát

Legg merkje til forma æ hi, som er frå norrønt hef. Dette ordet blir også nytta i Namdalen. Same forma finst i tradisjonell nynorsk, då som hev, og i jamsk, då som hä, he eller hi. I norrønt hadde fá och fæ nasal vokal.

Kjelder

Artikkelen «trøndersk» hjå Store norske leksikon Dialektprøvedatabase hjå Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier ved NTNU Artikkel om trøndersk hjå engelsk wikipedia Kenneth W. Harl. Vikings Verbix - verb grammar, conjugation, inflection Færøysk ordbok på nett FreeLang.net. Gratis ordbøker Old Norse Online. Gratis nettkurs i norrønt

Bibliografi Dalen, A. (red.), Dialektsamling frå Ytter-Namdalen, Tapir akademiske forlag, 2011. Dalen, A., Hadland, J.R., Hårstad, S., Rydving, H og Stemshaug, O., Trøndersk språkhistorie: språkforhold i ein region, Tapir akademiske forlag, 2008. Jenstad, T.E., Rappkjæfta trønder, Embla forlag, 2007. Jenstad, T.E., Snedig å koínn trøndersk, Embla forlag, 2010. Jenstad, T.E., Din hånstaur! - saftige trønderske skjellsord, Embla forlag, 2012. Jenstad, T.E. og Dalen, A. (red.), Trønderordboka'', Tapir akademiske forlag, 2002.

Kategori:Trøndske målføre Kategori:Utvalde artiklar 2018