Velenje (tysk Wöllan) er ein by i den statistiske regionen Savinja i Slovenia og ein av tolv bykommunar i landet. Velenje ligg i nordaust i Slovenia med litt over 25 000 innbyggjarar i sjølve byen og vel 30 000 i kommunen.
Stari Velenje, den gamle delen av byen ved foten av borga, vart nemnd første gong i 1264 som ein liten marknadsby. Han var eit senter for handverk og handel. Då det vart starta opp gruvedrift etter lignitt etter den andre verdskrigen voks byen kraftig. Då presidenten i Jugoslavia Tito døydde, byen omdøypt til Titovo Velenje i 1981, men det gamle namnet vart gjeven tilbake i 1991 kort tid før Slovenia fekk sjølvstende.
Velenje er hovudkvarter for Gorenje, som produserer hushaldningsartiklar.
Folketal Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2021 Velenje 26 742 25 456 25 538 626 764 935 843 883 913 447 489 538 216 322 509 Kommunen Velenje 33 331 32 836 33 715
Galleri
Merknader
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Velenje» frå , den 25. april 2009.
Referansar
Kategori:Byar i Slovenia Kategori:Kommunar i Savinja statistiske region Kategori:Busetnader i Savinja statistiske region