Johnn Ravnkilde Hardang () er ein norsk radiopastor og dagleg leiar i P7 Kristen Riksradio. Han har ansvar for programserien Vindu mot livet. Forkynninga hans kan høyrast på meir enn førti lokalradioar rundt i Noreg, 5 dagar i veka. Radioprogramma ligg dessutan tilgjengelege på Internett.

Hardang nyttar 1/3 av arbeidstida på reiseverksemd, med tanke på bibelhelger og evangeliserande opplegg. Han er busett i Straume i Fjell kommune. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og hefter, dei fleste på Sambåndet Forlag. Han har tidlegare vore rektor på Bibelskolen Bildøy Bergen.

Bibliografi Forventning - Vindu mot livet 2 (Bok. Sambåndet Forlag AS) Fredstanker - Vindu mot livet 1 (Bok. Sambåndet Forlag AS) I møte med Jesus (Bok. Sambåndet Forlag AS) Ingen som Gud (Hefte. Kristen Riksradio/Biblia fjernundervisning) Lyset fra Golgata - Sanger vi aldri glemmer - Vindu mot livet (Bok. Sambåndet Forlag AS) Tre uker med 3,16 (Bok. Sambåndet Forlag AS) Veien (Sambåndet Forlag AS) Våg livet (Hefte. Sambåndet Forlag AS)

Bakgrunnsstoff Dagens Vindu mot livet Nettradio

Kategori:Norske programleiarar Kategori:Radiopastorar Kategori:Folk frå Fjell